Vi har utsett fristen for tilbakemelding på fakturagrunnlag for 2026Q4. Ny frist er 25. september 2026.
Vi viser til kundenotatet Lisensteljing SAP for 4. kvartal 2026, publisert 20. august 2026, og punkt 13 under avsnittet Gjennomføring og fristar.
Nokre av fakturagrunnlaga som vart lagde ut på DFØ Fildel, mangla arket 2026Q4. Feilen er no retta, og alle kundar har fått oppdatert fakturagrunnlag.
Ny frist for tilbakemelding på fakturagrunnlag for 2026Q4 er 25. september 2026.
Grunna ein feil ved utsending, har enkelte abonnentar ikkje motteke kundenotatet om Lisensteljing SAP for 4. kvartal 2026. Vi beklagar ulempene dette medfører. Ved spørsmål vedrørande lisensteljing, ta kontakt via Kundesenter på nett.