Rekneskapsdagen

Kvart år arrangerer DFØ Rekneskapsdagen der du kan få fagleg påfyll om dei viktigaste endringane og utviklinga på rekneskapsområdet i staten. Rekneskapsdagen 2026 vert halden tysdag 24. november i Oslo.

Frå 1. januar 2027 skal alle statlege verksemder føre periodisert verksemdsrekneskap etter dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).

På årets Rekneskapsdag markerer vi denne milepælen. Vi set også søkelyset på korleis informasjon frå det periodiserte verksemdsrekneskapet og annan informasjon kan brukast i styring og leiing av verksemda.

Årets tema

  • DFØ orienterer om dei viktigaste endringane og utviklinga på rekneskapsområdet i staten.
  • Finansdepartementet deler tankar om periodisert verksemdsrekneskap.
  • Riksrevisjonen orienterer om relevante erfaringar frå rekneskapsrevisjon av statlege verksemder.
  • Nasjonal Sikkerhetsmyndighet fortel om økonomistyring. 
  • Utlendingsdirektoratet viser korleis dei brukar informasjon frå verksemdsrekneskapen, og kva planar dei har for framtidig bruk.
  • Kommunal- og distriktsdepartementet beskriv bruk av ny styringsinformasjon ved bruk av både periodisert rekneskapsinformasjon og annan informasjon.

Kven kan delta?

Målgruppa for Rekneskapsdagen er økonomi- og rekneskapsleiarar og rekneskapsmedarbeidarar i statlege verksemder og departement. Etatsstyrarar og andre som er interesserte i statleg rekneskap, er også velkomne.

Påmelding

SPK har eit eige arrangement

Etter at programmet på Rekneskapsdagen er ferdig, arrangerer Statens pensjonskasse (SPK) eit eige arrangement om fakturering av pensjonspremie for 2026. Dette blir også halde i DFØ sine lokale på Økern Portal.

Både digitale og fysiske deltakarar på Rekneskapsdagen 2026 kan melde seg på arrangementet til SPK.

Sjå opptaka frå tidlegare Rekneskapsdagar

Rekneskapsdagen 2025
Rekneskapsdagen 2024
Rekneskapsdagen 2023
Oppdatert: 26. oktober 2026

Kontakt

Britt Torunn Hove: 95 28 13 51     Charlotte Herje: 95 20 19 24     Heidi Fjermeros: 99 46 97 97     Liv Mari Nybakk: 41 17 64 15     Øyvind Gravem: 98 24 09 51

Har du spørsmål eller tilbakemeldinger om innholdet på denne siden, send en e-post til statligregnskap@dfo.no 

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.