Eit pliktoppfyllande direktorat

Denne rapporten konkluderer med at Utdanningsdirektoratet er ein fagleg solid organisasjon med kompetente medarbeidarar og god leiing, men at det har lite kapasitet til utviklingsoppgåver, til å lage eigne analysar og å gi faglege råd til departementet.

DFØ-rapport 2026:4
Omstilling
Styring

Samla sett tilrår DFØ:

  • at Utdanningsdirektoratet tek eit tydelegare systemperspektiv, og meir systematisk vurderer korleis ulike verkemiddel – samla og kvar for seg – verkar i praksis
  • at Utdanningsdirektoratet utnyttar kunnskapsgrunnlaget betre ved å bruke meir tid på å gjere eigne vurderingar og analysar, og i større grad utnyttar praksisnære datakjelder
  • at Utdanningsdirektoratet bruker det ytre apparatet sitt, statsforvaltaren, enda betre i oppfølginga av kommunane
  • at Utdanningsdirektoratet gjer systematiske analysar av eigen ressursbruk, særleg med tanke på om fordelinga av tid og ressursar på hovudoppgåvene er formålstenleg
  • at Kunnskapsdepartementet vurderer korleis degit løpande styringstrykket kan reduserast for å gi Utdanningsdirektoratet meir kapasitet til å utvikle den faglege rolla si
  • at Kunnskapsdepartementet i større grad tilpassar styringa si til at Utdanningsdirektoratet i dag er eit digitalisert direktorat

Last ned rapporten

DFØ-rapport 2026:4 Utdanningsdirektoratet – Et pliktoppfyllende direktorat
pdf 927.65 KB
Oppdatert: 12. august 2026

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.