Tilsetting og arbeidskontrakt

Her finn du oppdateringar, rettleiingar og generell informasjon om løysinga.

Oppdateringar om Tilsetting og arbeidskontrakt

Følg med på nyheiter, utvikling og oppdateringar om løysinga for tilsetting og arbeidskontrakt.

Brukarrettleiingar

Her finn du rettleiingar om korleis du bruker den digitale løysinga til DFØ for tilsetting og arbeidskontrakt.

Generelt om løysinga

Dette er ei heildigital løysing for å opprette, signere og utbetale midlertidige kontraktar innanfor ei fastsett økonomisk ramme. Løysinga er særleg utvikla for å møte behova i universitets- og høgskulesektoren.

Løysinga støttar følgande kontraktstypar:

  • månadskontraktar
  • timekontraktar
  • oppdragskontraktar
Meir informasjon om løysinga

Arbeidsflyt

  1. Bestillaren startar prosessen. Ein bestillar som har behov for ein ressurs, fyller ut eit skjema i DFØ-appen eller i sjølvbeteningsportalen.
  2. Saksbehandlaren får bestillinga. Bestillinga kjem inn i innkurven til saksbehandlaren. Saksbehandlaren utarbeider kontrakta og sender han vidare til ein leiar med budsjettdisponeringsfullmakt for godkjenning. Saksbehandlaren kan også opprette kontrakta direkte, utan at bestillaren er involvert.
  3. Godkjenner 2 (leier). Leiaren med budsjettdisponeringsfullmakt godkjenner eller returnerer kontrakten. Ved godkjenning blir kontrakta sendt vidare til signering. Ved retur blir kontrakta sendt til saksbehandlaren for korrigering.
  4. Den som skal tilsettast. Personen som skal tilsettast får kontrakta, registrerer personopplysningar og signerer elektronisk.
  5. Automatisk oppdatering. Når kontrakta er signert, blir informasjonen automatisk oppdatert i lønnssystemet.
Bildet viser arbeidsflyten
Oppdatert: 27. august 2026

Kontakt

kundesenter for lønn

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.