Dette notatet viser korleis talet på tilsette i statsforvaltninga utvikla seg frå 2024 til 2025. Tala bygger på statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og ei kartlegging gjennomført av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).
DFØ-notat 2026:3
Styring
Hovudfunn
- Talet på arbeidsforhold i statsforvaltninga auka med 3 057, noko som svarer til 1,7 prosent.
- Veksten i statsforvaltninga var høgare enn den samla sysselsettingsveksten, som var på 0,3 prosent.
- I departementa gjekk talet på arbeidsforhold ned med 115, eller 2,5 prosent. Når vi tek omsyn til omorganiseringar, var det likevel ein auke på 64 arbeidsforhold, tilsvarande 1,4 prosent.
- Auka arbeidsmengde var den viktigaste årsaka til veksten i dei statlege verksemdene.
- Forsvarsområdet hadde den sterkaste veksten, mens kunnskapsområdet hadde ein nedgang.
- Utviklinga var påverka av endringar i enkelte verksemder. Nokre fekk meir enn 100 nye tilsette, mens andre reduserte talet på tilsette med over 100. Om lag halvparten av verksemdene hadde ei endring på mellom null og fem arbeidsforhold.
- Tre av fire arbeidsforhold i statsforvaltninga var lokaliserte utanfor Oslo.
- Ti fylke hadde vekst i talet på arbeidsforhold, mens fem fylke hadde nedgang. Ser vi bort frå universitet og høgskular, var det vekst i alle fylka.
- Dei 172 verksemdene som svarte på DFØ si kartlegging, hadde til saman 2 096 kommunikasjonstilsette. Det utgjorde 1,1 prosent av alle arbeidsforholda i desse verksemdene.